torsdag 26. august 2010

Ein skikkelig Aha-opplevelse!









dans dans dans

Som Rønner går eg på Danselinja- det er veldig kjekt! Kjekt å komme i gang med dans igjen, bra gjeng med bra nivå og kjempeflink lærer! Vi har berre hatt to skikkelige dansedager, men det lover bra- dette også :)


MEN det er rart å ikkje danse med den herlige gjengen her:

TSN 10/11 og livet på Rønningen er i gang!

Då var livet på Rønningen, som Rønner og TSN'er i gang!!

Det har vert kjekke dager med masse gøy til no, så dette lover bra! Vi på TSN har rigga oss til på Kråkeslottet, eg bur i andre etg. på det beste rommet(!!) med kjære roomie Caroline! Vi har gjort det veldig koselig på vårt jenterom med lite skapplass, men vi har det bra :)
I etasjen vår har vi etasjesjef Pål Andre, som har laga vaskeliste og system. I går hadde vi etasjemøte, der hovedsakene på planen var etasjevask. Det var ordstyrar, engajement, diskusjon, innelgg og replikkar. Eg trur ikkje foreldra våre hadde kjent oss igjen. Så ta det med ro, vi klarer oss bra!

men ja, TSN 10/11. Da var vi i gang! og til no - lever det til dei høge forventningane! I dag hadde vi TSN kick off! Høgdepunktet var heilt klart då vi sang i lag skikkelig for første gang- og DET var kjekt det! Vi sang tistemt, ikkje alt på ein gang, men det var nesten. gåsehud og tårer i augene, heile pakka. Ikkje for å virke blærete eller høg på pæra, men det var bra. Så om nåken vil oppleve det så kom på TEN SING NORWAY premiere søndag 24.oktober kl.15.00 på Rønningen!

tirsdag 10. august 2010

Ten Sing Seminar


"Ulsteinvik e plassen å vær, hopp opp og ned, hopp opp og ned!"


Lørdag 8.aug. var det TSS konsert på SUFH, avslutting av ei veke med Ten Sing Seminar. Det var UTRULIG kjekt å endelig få sjå konserten og alle sammen, det var ein kjempebra konsert og kjempeinspirerande til neste år!

Det var spesielt kjekt å sjå konserten for det var 8 flotte deltakarar frå Deciding som var med på seminaret, og det var gøy å sjå kor flike dei var - masse lykke til til hausten, dokke kjem til å klare dokke heilt supert!!!



Sofie og Marte Kristine hadde laga kake til vårt kjære spøkElse!

Applaus for den flotte jobben det gamle styre har gjort!

Det nye flotte styret!!!

Hipp hipp hurra for Loa!

Lorentze har hatt bursdag sia sist, og det må sjølvsagt markerast med eit bilde! Gratulerer så masse med dagen og håper du hadde ei flott feiring med jentene!

lørdag 7. august 2010

Blogger med forbedringspotensiale

Eg er ein dårlig blogger. Eller, blogger med forbedringspotensiale! Poenget er at eg har sett fram til å komme i gang med blogg, og no når eg har fått det så har eg egentlig ikkje komt så mykje lenger enn det. Eg har masse (masse og masse, det er vel ein vurderingssak) eg vil skrive om, men tankane kjem ikkje seg til bloggen av seg sjølv, rart det der.. Bloggen er jo i utgangspunket laga for å oppdatere omverda om kva eg gjer på i året på TSN, så det er vel litt greit å ikkje ha komt så godt i gang endå ;-)
Så eg vil eigentleg berre advare om litt bloggoppdatering som kjem ein av dei neste dagane!

onsdag 4. august 2010

MALAKOFF

No er det tid for litt Malakoff tid. Det var ei herlig sommarhelg på Eid med herlige venna! Litt stemningsbilder! Skulle gjerne hatt bilde eller film av Timbuktu & Damn! for det var råkult!

Kjetil og Johanne synger med

Sivert Høyem



Oda og Johanne nyter sommarlivet



Fruktjentene!






The Pink Robots!



Eg møtte nåken skikkelige kule folk på Malakoff




Thomas Dybdhal


God stemning!

Oda, Lina og Sesilie kosar seg i sola, på den flotte teltplassen vår, og er klare for Malakoff!